Varslar kraftig snøfokk i fjellet i Sør-Noreg
Det kan bli vanskelege køyreforhold i fjella i Sør-Noreg når juleutfarten startar dei neste dagane.
Meteorologisk institutt har sendt ut gult farevarsel for lokal snøfokk i fjellet på grunn av kraftig vind.
Faren aukar frå torsdag kveld i 10-tida og minkar frå fredag klokka 13.
Snøfokk kan gi vanskelege køyreforhold med redusert sikt og snø som pakkar seg i vegbanen, skriv dei i varselet. Dei rår folk til å rekna ekstra tid til transport og køyring.
Dei oppmodar også om å unngå å ferdast på utsette stader om det ikkje er naudsynt.
No comments yet.